Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Du kan seie akkurat kva du vil. Men du kan jo merke deg at statsministeren ikkje har gjort det.
Stortingsrepresentant for @venstre.no. Twitrar (eller kva no Bluesky-verbet er) om klima, EU og norsk politikk.
2,770 followers 220 following 188 posts
view profile on Bluesky Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Du kan seie akkurat kva du vil. Men du kan jo merke deg at statsministeren ikkje har gjort det.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Fordi han går meir direkte inn i skuldspørsmålet i Norway Cup-saka, meiner du? Det virkar for så vidt som @anineki.bsky.social er einig i det, sjølv om ho peiker på alle tre sakene denne valkampen: www.nettavisen.no/store-brukes...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Viss det er rimeleg klart kva systemsvikten går ut på, bør ein jo kunne det (sjølv om eg meiner særleg regjeringsmedlemmar skal vise varsemd). Men eg meiner Støre gjekk alt for langt i går, som Alstadheim grunngir godt.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Vi har prioritert det i kvart einaste budsjett (som du openbart ikkje har hatt interesse av å setje deg inn i), og situasjonen i Oslo er spesiell. Du kan lese meir her: www.nettavisen.no/nyheter/barn...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Sukk. Norway Cup-dømt er ein del av kommentaren. Og handlar om korleis ein frå utøvande makt si side skal vere varsam med å slå fast fakta før ein veit kva som har skjedd. Det virkar ikkje som du har så stort ønske om dialog her.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Eg er ikkje krenka av noko som helst. Eg delte det eg meiner var ein fornuftig kommentar frå den politiske redaktøren i ei stor avis. Viss du meiner den var så idiotisk som du gir uttrykk for føresler eg at du skriv eit svar.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Eg veit ingenting om profittmarginen til selskapet, eller kva den konkrete drifta deira har hatt å seie. Det gjer ikkje statsministeren heller. Og det er heile poenget.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Eg berre antok du sikta til meg, sidan du stilte meg spørsmålet. Viss du meiner eg skal svare for nokon heilt andre, får du stille spørsmålet til dei.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Støre sitt svar kom som eit spørsmål frå Venstre om kvifor barnevernet i Oslo er kronisk underfinansiert av denne regjeringa. Vi har prioritert det. Men det var Støre sjølv som drog desse koplingane. Det bør ein statsminister halde seg for god til.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Har eg gjort det?
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Nynorsk er vårt sterkaste skjold mot utanlandske påverknadsoperasjonar.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
God kommentar frå @kjetilba.bsky.social om Støre som plutseleg konkluderte på direkten i ei pågåande etterforsking. Også grei påminning om at politikarar (og ein del andre!) bør vite betre enn å trekke raske slutningar før ein veit noko, ref. Norway Cup-saka. www.aftenposten.no/meninger/kom...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Bra med ei tydeleg avklaring frå Erna Solberg. No treng vi eit sterkare Venstre som kan dra politikken inn mot det grøne og liberale sentrum. borsen.dagbladet.no/nyheter/hyll...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Det er heilt rett som Erna seier - og som Venstre har sagt lenge: Ja, Frp er størst på mange målingar. Men skal det bli borgarleg FLEIRTAL, må Høgre og Venstre bli større. Og då blir nødvendigvis Erna statsminister. Uansett kor mykje Ap og MDG latar som noko anna. www.aftenposten.no/norge/politi...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Og plutseleg garanterte visst ikkje MDG for Støre likevel. Spanande utvikling på dax18!
Veslemøy Østrem (@vesleost.bsky.social) reposted
I #partianalysen onsdag er turen kommet til @venstre.no - vi møter @rotevatn.venstre.no til en frisk samtale om partiets urbane profil, rollen de har på høyresiden og utspillene fra Listhaug om statsminister-posten. Hør! Hør! open.spotify.com/episode/3BRD...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
I Noreg har vi bygd ned 70 prosent av dei store vassdraga. Både Ap, Høgre, Frp og Sp har opna for å bygge ned fleire og oppheve vassdragsvernet etter valet. Berre eit miljøparti i regjering kan sørge for at vern betyr vern! www.bt.no/klima-og-mil...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Kvifor har vêrmeldar Eli Kari Gjengedal endra måten ho snakkar om vêret på? Kvifor er ho så uroa for klimaendringane? ...Og kvifor stemmer ho Venstre? Det kan du høyre meir om i den nye podkastserien "Hvorfor stemmer du Venstre?". Alle episodar finn du her: open.spotify.com/show/2kRg4jz...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Dette er eit viktig poeng. Venstre er det einaste miljøpartiet som har site i regjering dei siste 12 åra, og vi er i realiteten det einaste miljøpartiet som går til val på å søke regjeringsmakt denne gongen også. Er ein oppteken av miljø, og særleg natursaker, bør det vege tungt.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Venstre vil prioritere miljøet i eit kvart samarbeid. Her er åtte klimaløfte som vi går til val på. Det er på tide med eit miljøparti i regjering igjen! www.nettavisen.no/nyheter/vens...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Viktig sak i VG som viser korleis Russland ønsker å bruke FORs Glenn Diesen for å fremme sine interesser. Og han lar seg bruke. Ingen grunn til å vere naive, folkens. www.vg.no/nyheter/i/Rz...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Einig med oljefondet sin første leiar, Knut Kjær. No handlar det om tilliten til fondet. Og det er eit politisk ansvar. Det er på tide å selje seg ut av Israel. www.dn.no/politikk/olj...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
😏
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
EU fekk ein tollavtale med USA på 15 %. Både Donald Trump og Støre-regjeringa har framheva at EU måtte "gi" noko tilbake, nemleg formuleringar om å kjøpe våpen frå USA. Men dette er det jo medlemsstatar som (av)gjer, ikkje EU. Det første som skjer? Spania droppar F35. www.reuters.com/business/aer...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Shit. Det er i Sirdalen det skjer!
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Eg klokkar inn på 584. plass. Best i Vest!
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
5,6 prosent for @venstre.no i dagens måling for KK/Nationen. Det lovar godt for ei solid stortingsgruppe som kan dra politikken mot det liberale sentrum og tenke nytt for Noreg.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Grunnen til at du brukar all di tid på å propagandere mot V er at du forsøker å få veljarane våre til å stemme MDG. Greit nok. Men om dei vart lurt i 2017, er det ikkje rart at V gjekk FRAM i neste val? Kanskje V-veljarane kan gjere seg opp si eiga meining? Og Oslo _fekk_ eit blågrønt V/H-byråd.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Eg trur Ap aller helst vil diskutere med Listhaug. I den grad at Ap arrangerer eigne debattar saman med Frp. Gjer de det med andre parti? Statsministerspørsmålet ville sjølvsagt vore tema uansett, men alle ser kva narrativ Ap ønsker seg. Du treng ikkje bli fornærma fordi vi påpeiker det openbare.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Hehe, ikkje prøv deg. Støre duellerer med Solberg, ja, og seier valet står mellom han eller Frp-statsminister. Som her frå i dag. Heilt greit at Aps kommunikasjonsavdeling vil framstille det slik, det har Ap sikkert interesse av, men vi peiker på Erna Solberg.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Sjølv om Ap gjer alt dei kan for å få valkampen til å handle om Støre vs. Listhaug, er realiteten at det berre finst éin kandidat på borgarleg side som _vil_ bli statsminister, som er samlande, og som har sagt ho vil samarbeid med Venstre. Difor peikar vi på Erna Solberg: www.vg.no/nyheter/i/63...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Det er ikkje alle stortingsrepresentantar frå Frp, eller frå andre parti for den saks skuld, som siterer Jürgen Habermas frå talarstolen. Vel blåst, Sivert Bjørnstad, og lukke til vidare!
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Svært presis kommentar frå @kjetilba.bsky.social om revidert nasjonalbudsjett. Men snakk om tapt moglegheit til å illustrere kommentaren med ein god, gamaldags meme. www.aftenposten.no/meninger/kom...
Guri Melby (@gurimelby.venstre.no) reposted
Stolt av jobben @rotevatn.venstre.no og Ola Elvestuen har gjort for å få med regjeringen på et reelt forpliktende klimamål der vi skal ta kuttene i Norge, og ikke kan outsource klimapolitikken til andre land. Nå starter jobben med å få på plass tiltakene som tar oss i mål! www.vg.no/nyheter/i/zA...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Nei, no må du faktisk slutte å kverulere, Forsberg. Reversering er det per def. Men du kan gjerne støtte det - ingen påstår at prosjektet ikkje var kontroversielt. Og kraftpolitikken til R er ein prinsipiell motstand mot _alle_ vindkraftverk. Men det er bra dei ikkje vil fjerne alle eksisterande.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Ja, eg er einig i at plasseringa er misvisande om det berre er tale om anlegga på Fosen. Då gjeld det 1,2 prosent av norsk fornybarproduksjon.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Men kor er det Raudt ønsker å stå, då? “Litt uenig”?
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Partia i kategorien "Andre" er rykande usamde om det er Bibelen, Russland eller folkerøystingar som skal styre Noreg. Men éin ting kan dei samlast om.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Tenk at Kantar har lagt inn eit eige spørsmål for å trolle Danby Choi.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Kom brasande inn? Det var mi melding du vidaredelte. Men nevermind, takk for i dag.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Ja det er openbart eg som er problemet her.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Eg hadde gløymt kor irriterande du er.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Slik spørsmålet er stilt, kan eg ikkje skjøne anna enn at her har Raudt plassert seg sjølve. Fordi mediehusa justerer normalt berre mot partiets vilje om det står noko anna i programmet, ein har stemt annleis i Stortinget etc. Men dei må gjerne oppklare.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Det får dei vel svare på sjølve. Dersom dei er for ein eller annan variant av å demontere eksisterande kraftverk (som vi nesten må legge til grunn), er det oppsiktsvekkande nok i seg sjølv.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Det varierer. Vi får normalt kome med innspel om kor vi bør bli plassert (gjerne etter å ha krangla ein del fram og tilbake om spørsmålsstillinga). Men mediehusa bestemmer til slutt.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Det er veldig mange døme på dette i valomatane, då. Og når spørsmåla er absolutte (som dei alt for ofte er), vel partia gjerne "litt einig" dersom dei er for ein variant av politikken som går i same retning.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Raudt tar reversering til eit nytt nivå. Og vil tydelegvis fjerne 10 prosent av norsk, fornybar kraftproduksjon.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Etter nokre bekmørke år i ruspolitikken kom det ei strime av håp i dag. Venstre, Ap, Høgre og SV er einige om eit kompromiss som flyttar ruspolitikken mange steg i riktig retning! Godt jobba, @ingvildwt.bsky.social & co! www.venstre.no/artikkel/202...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Dette er heile MDGs valkampstrategi (igjen), så du får berre la han halde på.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Det er jo ingen fasit på korleis ein skal lage slike rangeringar. Men at Venstre får trekk fordi vi ikkje har stemt for å etablere "en statlig grønn investeringsbank", medan Raudt ikkje får trekk for å vere prinsipielt mot all vindkraft, osar ikkje akkurat av seriøsitet.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Tenk at desse FOR-demonstrantane står og svøper seg i det palestinske flagget. Som om det overveldande fleirtalet av folk som tar avstand frå Russland sin angrepskrig ikkje også tar avstand frå Israel sine krigsbrotsverk. Dei eig ikkje skam.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Då var “Frihet og rettferdighet”-plakatane skifta ut på T-banenettet i Oslo. Og gjett kva som erstatta dei. www.tv2.no/nyheter/inne...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Han til venstre la fram statsbudsjettet. Han til høgre la fram det reviderte nasjonalbudsjettet. Og ingen av dei vil ta ansvar for den økonomiske politikken som blir ført.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Vi stemmer som vi varsla i komitéinnstillinga. Det har ikkje skjedd noko nytt sidan då (eller sidan konsesjonane vart gitt for to år sidan for den saks skuld).
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Korleis kunne det skje at Stortinget vedtok djuptgripande krisefullmakter til regjeringa før påske, men så snudde på femøringen etter eit facebook-innlegg? Eg har tatt ein prat med ho som har ropt for døve øyre i månadsvis, @ingvildwt.bsky.social. Lytt her: open.spotify.com/episode/01bB...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Valdag i Canada. Dei liberale er klare favorittar, etter den mest ekstreme snuoperasjonen i noko demokrati nokon gong (?). For dei som måtte lure på om statsministerkandidat betyr noko, eller om Trump påverkar innanrikspolitikken i andre land.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Det einaste positive med denne innfallsmetoden er at det i det minste gjer det mindre sannsynleg at nokon har drive storstilt innsidehandel…
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Grafen som seier alt du treng å vite om amerikansk tollpolitikk.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Ap er åleine i regjering. Og legg fram ei “rusreform” som blir hylla av … 🥁… KrF.
Hamilton Nolan (@hamiltonnolan.bsky.social) reposted
okay now that you all have gotten a taste of America's rational and predictable new trade policy, everyone who wants to build your new factories here just form an orderly line
Knut Einar Rosendahl (@rosendahlke.bsky.social) reposted
Ap allierer seg med Frp, Rødt og Sp for å redusere energihandelen med Europa. I en tid hvor gode handelsbetingelser med Europa er viktigere enn noensinne. Hvilke signaler sender dette til EU? Jeg hadde ikke forventet dette av partiet til Støre og Stoltenberg www.altinget.no/artikkel/ap-...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Kommentarfelta: - EU er ein katastrofe og står på randen av kollaps! Folket:
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Kommentarfelta: - EU er ein katastrofe og står på randen av kollaps! Folket:
Ben Ansell (@benansell.bsky.social) reposted
I think the Atlantic piece is probably the scoopiest scoop of the last few decades. And it has clarified one thing - other than the total idiocy of sending opsec over group chats - Hegseth and Vance have a genuine animosity towards Europe. Something for us all to ponder.
Altinget.no (@altinget.bsky.social) reposted
@hoyre.bsky.social har vedtatt mindre makt i natursaker til statsforvalteren. Potensiell regjeringspartner @venstre.no er ytterst lite imponert. «Naturfiendtlig politikk», mener @rotevatn.venstre.no som lover hard kamp i mulige regjeringsdiskusjoner. www.altinget.no/artikkel/ven...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Tilfeldigheitene ville ha det til at eg las ferdig denne på flyet til Harstad i dag. Og då eg landa var Dag Solstad gått ut av tida. Ein av våre aller største.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Slagsvold Vedum og eg kjem nok aldri til å bli einige om EU-spørsmålet, nei. Men det er heller ikkje føremålet med ein slik debatt. Føremålet er å presentere dei beste argumenta frå kvar side, slik at folk som lyttar, og som er usikre på kva dei skal meine, kan ta stilling.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Fin framgang for @venstre.no, og klart borgarleg fleirtal på Stortinget. Ap gjer det skarpt, og Sp har mildt sagt ikkje fått ein boost av å koke suppe på ein EØS-spiker. www.vg.no/nyheter/i/zA...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Bara bada bastu! 🥳 🇸🇪🔥
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Bravo! www.youtube.com/watch?v=QIK9...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
I dag møtes 27 europeiske land for å bli einige om å kraftig styrke forsvarsinvesteringane og det militære samarbeidet. Noreg er ikkje til stades. www.vg.no/nyheter/i/Gy...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Sverige og Finland klarte å melde seg inn i NATO etter fullskalainvasjonen utan at eg har inntrykk av at russarane klarte å drive påverknadsoperasjonar som var alt for øydeleggande der (sjølv om dei sikkert prøvde). Noreg er først og fremst prega av tillit til medier og politikarar, dette klarer vi.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Forstår tanken. Men du får ingen betre debatt om kva EU er og kva som skjer der, enn ein debatt om vi skal bli med.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
40 prosent seier ja til EU i ny måling hos @altinget.bsky.social. Svært lovande tal. Fleire og fleire ser at det er alvor no. www.altinget.no/artikkel/ny-...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Venstre har landsmøte til helga. Det er eit stort alvor som pregar Europa no, og difor kjem leiinga med eit nytt forslag til stortingsprogrammet: Å styrke forsvaret og Ukrainas fridomskamp må ha førsteprioritet framover, andre valløfte må kome i andre rekke. www.adressa.no/nyheter/inne...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Det er vanleg blant EU-tilhengarar å seie at mykje har endra seg sidan 1994. Det er sant. Men eg trur det er vel så viktig å no sjå alt som har endra seg sidan 2024. Vi kan ikkje utsetje EU-debatten lenger, skriv eg i VG. www.vg.no/nyheter/i/3M...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Og det er tydelegvis teatermeldarane einige i. Alle fire meldingane eg har lese i dag har gitt toppkarakter, inkludert denne terningkast 6-meldinga frå Aftenposten: www.aftenposten.no/kultur/i/wgp...
Led By Donkeys (@ledbydonkeys.org) reposted
If Trump was President in 1940
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
"Vi bør heller søke om å bli den 51. staten i USA før vi går inn i EU", seier Borten Moe. Tenk å heller ville gi opp Noreg som sjølvstendig nasjon og gå inn i eit anna land over havet, enn å samarbeide på likefot med våre næraste vener og allierte i Europa. www.aftenposten.no/norge/politi...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Som medlem av i) MGP-klubben, ii) Europabevegelsen og iii) Noregs Mållag er eg kanskje ikkje heilt uhilda. Men be that as it may, som det heiter på europeisk. Om du ikkje kjem deg på “Europavisjonar” på Det norske teatret i løpet av våren er du faktisk ein noldus. For ein fest av eit show!
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Dette er altså så mørkt og så deprimerande. For ein total mangel på respekt og empati for eit hardt prøva folk som kjempar ein eksistensiell krig. No MÅ Noreg og Europa trappe opp støtta til Ukraina kraftig! www.nytimes.com/live/2025/02...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Hardt, men treffande. www.aftenposten.no/meninger/kro...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Eg sa at målet med “den førre” IA-avtalen var 10 prosent nedgang, resultatet var 18 prosent oppgang. Og den førre gjekk då frå 2019-2024.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Under den førre avtaleperioden gjekk det opp med 18 prosent, så å skulde meg for å lyge synest eg er i overkant friskt, du.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Tenk så heldige vi er som har naboar som møter opp på dugnaden, og kan snike med seg ei pølse i brød til oss også.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Både FDP og BSW på 5 blank hos ZDF. Dette blir ein lang kveld…
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Ja, vi jobbar for EU-medlemskap.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Vi kan håpe at Kongressen til sjuande og sist tek ansvar for å stoppe denne ulukka. Eg held ikkje pusten. I mellomtida må vi gjere det vi sjølv har kontroll over: - Ruste opp. Mykje raskare. - Gi meir til Ukraina. Mykje meir. - Knyte oss tett til våre europeiske allierte. Så tett vi berre kan.
Timothy Snyder (@timothysnyder.bsky.social) reposted
I’m in Munich and people keep asking me to decode Vance’s speech. OK: In Vance English “free speech” means “Let Musk run your elections” and “democracy” means “let Russia run your elections.” Now move on. 2025 is about what Europeans do, not what Americans say.
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Er det eigentleg noko poeng med all denne klimapolitikken, sjølvpiskinga, vindkrafta og ENØK-tiltaka - når Kina uansett står for ein tredel av globale utslepp? Eg har hatt ein lang og grundig diskusjon med @nilaug.bsky.social i Minervapodden: open.spotify.com/episode/7szv...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
I politisk kvarter i dag var finansminister Stoltenberg opptatt av vi ikkje måtte gå utover handlingsregelen for å gi støtte til Ukraina. Vel, sjølv om vi held oss til 3-prosentgrensa er det framleis masse å gå på. www.dn.no/politikk/gur...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no)
Dette var veldig gøy å vere med på! Programleiarane utfordra meg på fordommar dei har om meg ("90-tallet var et mareritt for deg hva gjelder musikk", "du er aldri forsanger når det skal synges i plenum", "du har et favorittfrokoststed i New York" etc). Lytt her: open.spotify.com/episode/6Vdd...
Gudrun Sylte (@gudrunsylte.bsky.social) reposted
Hei #Tromsø! Ta turen til Ølhallen tirsdag 🔥 Dette er ikke en EU-debatt: med Tor Eldevik @bjerknes.bsky.social, @tvinner.bsky.social, @mariavar.bsky.social, Arne O. Holm @highnorthnews.bsky.social, Wenche Pedersen og @rotevatn.venstre.no sjekk det ut her: www.linkedin.com/events/72885...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Ja, einig i det, Debatten bidrog diverre til å skape full forvirring (trass i at dei nok prøvde å klargjere).
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
Eg skjønar. Vel, heldigvis har regjeringa sjølv publisert mykje enkel og nyttig informasjon om dette. Til dømes her: www.regjeringen.no/no/tema/ener...
Sveinung Rotevatn (@rotevatn.venstre.no) reply parent
“Crazy”-argumenta eg viser til handlar om det som no blir sagt om 2018-direktivet. Og dersom du les det som står i avisene, og lar vere å lese det ulike aktivistar skriv på sosiale medier, får du eit ganske nøkternt og korrekt bilete.